Området

På Kjølvikstølen ligg eit regulert byggefelt, der mellom anna denne bustaden skal stå. Ved byggefeltet ligg Kjølvikstølen grendehus, eit hus som er i aktiv bruk så godt som alle dagar i året. Her er barnehage, fotballtrening, skyting, revyøving, korpsøving, vaksentrening og møteverksemd.


Kjølvikstølen ligg på Ropeidhalvøya i Suldal kommune. Det bur omlag 350 personar på halvøya. Det er lenge sidan me fekk veg hit, men på folkemunne blir me likevel alltid kalla «halvøya». Me har ein matbutikk, ein Joker, som mange her kallar Kloppå. Me har også ein barneskule. Marvik skule (1-7) ligg ca 10 km frå Kjølvikstølen, og dit reiser ungane med buss. Dei største ungane går på ungdomsskule i kommunesenteret Sand.

Vil du vite meir om prosjektet på Kjølvikstølen?

Til kontakt

På Ropeidhalvøya er det muleg å kjøpe lokalprodusert mat, her er fleire gardar som driv med egg, mjølk, og kjøtproduksjon samt noko grønnsaker. Me er også så heldige at me har fleire bedrifter her, og me har eit svært rikt og aktivt lag- og organisasjonsliv.